Aktuelt
Her legg vi ut nytt om framdrifta i prosjektet: byggjesteg, søknader, dugnad, arrangement og funn vi vil dele.
Delprosjekt 1: visningshus og offentlege toalett
Første byggetrinn i kulturminneparken er eit visningshus og eit bygg med offentlege toalett. Planen er realisering i 2026, og arbeidet med finansiering er i gang.
Stiftinga Eidehøvdingen er skipa
Stiftinga Eidehøvdingen – Folkevandringsgarden i Nordfjord vart formelt skipa i desember 2025. Arbeidet med å rekonstruere garden er inne i ein ny fase.
Mona kulturminnepark er opna
16. oktober 2024 vart Mona kulturminnepark offisielt opna. Første fase av arbeidet på Eide er med det fullført.