16. oktober 2024 vart Mona kulturminnepark offisielt opna. Med det er første fase av arbeidet med Folkevandringsgarden i Nordfjord fullført.
Fasen omfatta rydding av området, markering av husa sine plasseringar i terrenget og etablering av informasjonstavler. I dag kan besøkande sjå kor hovudhuset på 43 × 8 meter og fjøsen på 24 × 7 meter stod, og lese om garden, grava og folkevandringstida.
Området er ope og gratis for alle, og heng saman med eksisterande turområde i nærleiken. Grava til Eidehøvdingen ligg på toppen av Ulvesbakken, om lag 700 meter frå gardstunet.