Støtt prosjektet

Folkevandringsgarden blir bygd stein for stein, med offentleg støtte, gåver, dugnad og samarbeid. Alle bidrag tel, og alt går til å utvikle anlegget.

Barn og vaksne sit på benkar av skiferstein rundt ein bålplass i eit ope birkeskogsområde, med langhuset i bakgrunnen.

Gje ei gåve

Du kan støtte arbeidet med eit valfritt beløp. Stiftinga Eidehøvdingen – Folkevandringsgarden i Nordfjord er ei stifting med org.nr 936 874 991.

Opne Vipps, vel «Send», og søk opp 43404. Skriv gjerne «gåve» i meldingsfeltet.

Vipps

43404

Kva går pengane til?

  • Visningshuset

    Flytting og istandsetjing av formidlingsbygget som blir inngangsporten til anlegget.

  • Offentlege toalett

    Tre Friluftsboks-modular med treverk og felles tak, tilgjengelege for allmenta.

  • Bålplass og aktivitet for barn

    Skogsområde med bålplass og sittebenkar i skiferstein, tilrettelagt for leik og læring.

  • Formidling

    Utstillingar, informasjon, undervisningsopplegg og materiell.

  • Langhuset

    Vidare arbeid mot rekonstruksjon av hovudhuset på 43 × 8 meter.

  • Forsking og dokumentasjon

    Delprosjekt om tankeringen, tekstilfunna og grava, og fagleg formidling.

Bli samarbeidspartnar

Vi søkjer samarbeid med bedrifter, lag, organisasjonar, skular og reiselivsaktørar. Eit samarbeid kan handle om økonomisk støtte, men like gjerne om varer, tenester, kompetanse, arbeidskraft eller felles tilbod til publikum.

For næringslivet i Gloppen ligg det eit potensial i å knyte eiga verksemd til ei sterk historisk ramme. Gardsbrenneriet er alt tenkt som næraste kommersielle samarbeidspartnar, og fleire serverings- og reiselivsbedrifter har signalisert interesse, mellom anna knytt til catering og bruk av anlegget som arena for opplevingar og kulturarrangement.

Gloppen kommune peikar i Strategisk næringsplan på ønsket om auka turisme til Gloppen, inkludert ringverknadene av ei satsing på cruise-turisme. Folkevandringsgarden skal vere eit supplement til det natur- og aktivitetsbaserte reiselivet i regionen.

Aktuelle former for samarbeid

  • Bedriftspartnar med årleg bidrag
  • Levering av varer, tenester eller materiell
  • Felles opplevingar og pakkar for grupper, buss og cruise
  • Arrangement og utleige av anlegget
  • Fagleg samarbeid med museum, universitet og forskingsmiljø
  • Aktivitetar og formidling i regi av lag og organisasjonar
Ta kontakt om samarbeid

Frivillig og dugnad

Folkevandringsgarden blir til gjennom frivillig innsats. Vi treng folk til praktisk arbeid og vedlikehald, handverk og tekstil, formidling og omvising, arrangement og fagleg arbeid.

Du treng ingen forkunnskapar – berre lyst til å vere med. Meld interesse, og vi tek kontakt når det er noko som passar deg.

Meld interesse

Vi brukar adressa berre til å svare deg.

Kva vil du bidra med?

Vel eitt eller fleire alternativ.

Les meir i personvernerklæringa.

Samarbeid og støtte i dag

Prosjektet er avhengig av eit breitt samspel mellom offentlege instansar, næringsliv, frivillige lag og lokalsamfunnet. Gloppen kommune er ein positiv medspelar i arbeidet, mellom anna gjennom ordninga med Friluftsboks og bidrag til delprosjekt 1.