Personvern

Stiftinga Eidehøvdingen – Folkevandringsgarden i Nordfjord (org.nr 936 874 991) er behandlingsansvarleg for personopplysningar som blir samla inn gjennom denne nettstaden.

Kva vi samlar inn

Vi lagrar berre opplysningar du sjølv sender inn gjennom skjema på nettstaden: namn, e-postadresse, eventuelt telefonnummer, kva du ønskjer å bidra med, og innhaldet i meldinga di.

Kva vi brukar opplysningane til

Opplysningane blir brukte til å svare på førespurnaden din og til å halde kontakt med deg om det du har meldt interesse for. Vi brukar dei ikkje til marknadsføring, og vi deler dei ikkje med andre.

Kor lenge vi lagrar

Vi lagrar opplysningane så lenge det er nødvendig for å følgje opp saka, og slettar dei når dei ikkje lenger er relevante.

Rettane dine

Du har rett til innsyn i opplysningane vi har om deg, til å få dei retta, og til å krevje at dei blir sletta. Ta kontakt med oss, så ordnar vi det.

Informasjonskapslar

Nettstaden brukar berre tekniske informasjonskapslar som er nødvendige for at sidene skal fungere. Vi brukar ikkje informasjonskapslar til sporing eller marknadsføring.

Kontakt

Jan Ove Rygg, styreleiar. Telefon +47 902 77 377.