Stiftinga Eidehøvdingen er skipa

Stiftinga Eidehøvdingen – Folkevandringsgarden i Nordfjord vart formelt skipa i desember 2025. Arbeidet med å rekonstruere garden er inne i ein ny fase.

I desember 2025 vart Stiftinga Eidehøvdingen – Folkevandringsgarden i Nordfjord formelt skipa. Stiftinga har som hovudmål å rekonstruere garden til Eidehøvdingen i Gloppen, og utvikle hovudhuset til eit regionalt og nasjonalt formidlings- og kunnskapssenter for folkevandringstida.

Arbeidet har lange røter. Etter dei arkeologiske funna på Eide i år 2000 gjorde Gloppen kommunestyre alt i februar 2005 vedtak om å arbeide vidare med planar for rekonstruksjon, og slo fast at prosjektet har nasjonal interesse. Reguleringsplanen for Mona kulturminnepark kom i 2012, og i 2019 vart første fase teken inn i den kommunale kulturminneplanen. Fase 1 vart gjennomført i 2024, og Mona kulturminnepark vart offisielt opna 16. oktober same år.

Etter initiativ frå varaordførar Jan Ove Rygg vart det i februar 2025 etablert ei ny arbeidsgruppe for å føre arbeidet vidare. Med skipinga av stiftinga i desember same år er organiseringa på plass.

I styret sit Jan Ove Rygg (leiar), Søren Diinhoff, Birgith Hjelle Roset, Magni Aa Berge og Ole Gimmestad. Ove Eide er varamedlem.

Neste steg er å ferdigstille fase 2 i første halvdel av 2026, med plan for det fysiske anlegget, framtidig drift, finansiering og samarbeid med forskingsmiljø, skuleverk, barnehagar, reiseliv, offentlege instansar og frivillige lag.

Tilbake til Aktuelt